Ekstern annonse

Overlege

Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF - Vestland
Sandviksleitet 1, 5036 BERGEN
Fast Overlege/spesialist Heltid Søknadsfrist: 13. Aug 2026

Vi søkjer overlege til Klinikk sikkerheitspsykiatri.

Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved Klinikk sikkerheitspsykiatri. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri og Sikkerheitspoliklinikken.

Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar, kontinuitet og stabilitet i behandlinga.

Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel der vi utviklar eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov.

I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av tenestene, meir samanhengande pasientforløp og styrkt integrasjon mellom døgnbehandling, rehabilitering og poliklinisk oppfølging. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen.

Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege med arbeidsoppgåver knytta til Lokalt sikkerheitsnivå: Sikkerheitspoliklinikken, Lokal sikkerheitsavdeling (LS) og Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR). Stillinga gir anledning til å arbeide på tvers av døgn- og polikliniske tenester, og til å bidra i behandling, rehabilitering og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar, ofte kombinert med høg valdsrisiko, personlegdomsproblematikk og ruslidingar.

Overlegen vil få ei sentral rolle i den faglege utviklinga av behandlingstilbodet og i arbeidet med å vidareutvikle samanhengande pasientforløp mellom innlegging, rehabilitering og poliklinisk oppfølging. Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg fordjuping, undervisning, rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for pasientar ved Lokalt sikkerheitsnivå med hovudstilling i Sikkerheitspoliklinikken
  • Deltaking i inntaksteamet på Lokalt sikkerheitsnivå
  • Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering
  • Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri
  • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri/rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt
  • Interesse for organisasjonsutvikling og erfaring med implementering
  • Ønskeleg med interesse for sikkerheitspsykiatri
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Vandelsattest må leggast fram før tilsetjing
  • Førarkort

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til å gjennomføre heilskaplege sikkerheitspsykiatriske pasientforløp
  • Inkluderande samarbeidsstil
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
  • Trivst å arbeide i team og med ei krevande pasientgruppe
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Personleg egnethet blir vektlagd ved tilsetjing

    Vi tilbyr

    • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
    • Moglegheit for deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar
    • Godt fagmiljø
    • Løn etter gjeldande avtaler
    • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Marthe Halvorsen Kjærstad, Seksjonsleiar, 90936016

    Arbeidsstad

    Sandviksleitet 1
    5036 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5159195217
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 13.08.2026

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.