Ekstern annonse

Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF - Møre og Romsdal
Geilebergvegen 20, 6017 ÅLESUND
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 16. Aug 2026

Er du vår nye kollega?
Vi søkjer etter ein motivert barne- og ungdomspsykiater ved eit av våre allmennpsykiatriske team i Ålesund.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon i Ålesund. BUP Ålesund er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og innovativt fagmiljø som gir spesialiserte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. M.a. gir vi spesialisert behandling for OCD og angst etter 4-dagersmodellen. Vi tilbyr høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til lidingar som spiseforstyrrelser (FBT), psykose bl.a. i form av PEF, vi gir behandling for traumer med bl.a. TF-CBT og EMDR. Vidare har vi eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg i stor grad til utvikling av mentaliseringsbaserte gruppebehandlingsformer for ungdommar i fylket.

Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetjenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse  er ei forventa arbeidsoppgåve.
Som overlege vil du ha fast arbeidsstad og teamtilknytning til poliklinikken, men vi arbeider for eit sterkt felles familjø i avdelinga og i periodar må ein kunne rekne med arbeidsoppgåver knytt til sengepost. Legespesialistar i Ålesund servar bakvaktsornding knytt til akutt sengepost/døgnseksjonen, og det medfører at deltaking i vakt er ei forventa arbeidsoppgåve (Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelptilbodet i heile fylket). Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære og utgreiingsopphald. Sengeposten er godkjent for mottak av pasientar til tvungen psykisk helsevern.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre vurderingar og tiltak i tilknytning til tilstandar som fell under Psykisk helsevern si prioriterte målgruppe
  • Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar av moderat til alvorleg grad
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Deltaking i bakvaktsordning knytt til ungdomspsykiatrisk døgnseksjon
  • Deltaking i opplæring og vegleiing til anna helsepersonell (t.d. vegleiing/supervisjon til LIS)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og inneha norsk autorisasjon som psykiater 
  • Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri med oppdatert kompetanse frå arbeid i spesialisthelsetjenesta (psykisk helsevern barn/unge) 
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega
  • Du må ha gode evner og vilje til samarbeid, samt evne til å kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag
  • Du vil verte kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og det vert forventa aktiv deltaking i denne utviklingsprosessen
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag
  • Søkjar vil verte del av eit tverrfagleg team og personlege eigenskapar, derav evne til samhandling, vil verte sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste  
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, inger.ann.berge@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergvegen 20
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5155618386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal