Ekstern annonse

Overlege, spesialist i psykiatri

Kronstad DPS/ Kronstad psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF - Vestland
Fjøsangerveien 36, 5053 BERGEN
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 30. Aug 2026

Ønskjer du å gjere ein forskjell i psykiatrien? Vi søkjer ein engasjert overlege i psykiatri til Psykosepoliklinikken/FACT ved Kronstad DPS.


Psykosepoliklinikken tilbyr eit veletablert, stort og fagleg sterkt arbeidsmiljø, og vi har no ledig 100 % fast stilling for overlege i psykiatri. Vi ser etter ein kollega som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit kunnskapsbasert og heilskapleg behandlingstilbod til menneske med psykoselidingar og samansette psykiske helseutfordringar.

Som ein del av vårt framoverlente og innovative fagmiljø arbeider vi etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Gjennom kombinasjonen av poliklinisk og oppsøkande behandling tilbyr vi fleksibel oppfølging tilpassa den enkelte pasienten sine behov. FACT-teamet gir tettare og meir intensiv støtte i kritiske fasar, med mål om å førebyggje kriser, redusere behovet for innlegging og styrkje meistring og funksjon i kvardagen.

Psykosepoliklinikken tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av personar med psykoselidingar og relaterte tilstandar. Nysykeutgreiing og diagnostisk avklaring er ein viktig del av verksemda vår, og vi legg stor vekt på grundige kliniske vurderingar og tidleg innsats. Behandlingstilbodet omfattar mellom anna individuelle samtalar, medikamentell behandling, gruppetilbod, oppsøkande oppfølging gjennom FACT og systematisk familie- og pårørandearbeid. Vi arbeider aktivt for å involvere nettverket rundt pasienten når dette er ønskjeleg og formålstenleg.

Vi er kjend for eit sterkt tverrfagleg samarbeid. Teamet vårt består av psykologspesialistar, psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, sosionomar, ergoterapeut, IPS-rettleiarar, brukarspesialist og merkantilt personell. Saman arbeider vi for å tilby heilskaplege, individuelt tilpassa og samanhengande pasientforløp.

Som overlege vil du ha ei sentral rolle i det kliniske arbeidet. Du vil bidra med spesialistkompetanse innan utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk, og vere ein viktig fagleg ressurs i teamet. Stillinga gir høve til å arbeide med eit breitt spekter av kliniske problemstillingar, delta i tverrfaglege drøftingar og bidra til vidare fagutvikling av behandlingstilbodet. Du vil også samarbeide tett med pasientar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre best mogleg behandling og oppfølging.

Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga eller miljøet vårt. Vi ser fram til å høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver

  • Ha medisinskfagleg ansvar for utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk
  • Delta i nysykeutgreiingar og bidra til diagnostisk avklaring ved komplekse kliniske problemstillingar
  • Utføre både poliklinisk og oppsøkande behandling i tråd med FACT-modellen
  • Bidra i planlegging og gjennomføring av individuelle behandlingstiltak, gruppetilbod og rehabiliteringsforløp
  • Delta aktivt i familie- og pårørandearbeid, og bidra til å involvere pasienten sitt nettverk der dette er ønskjeleg og formålstenleg
  • Bidra med kliniske vurderingar, faglege drøftingar og rettleiing i tverrfaglege teammøte
  • Utarbeide og evaluere behandlingsplanar i samarbeid med pasientar, pårørande og relevante samarbeidspartnarar
  • Samarbeide tett med kommunale tenester, fastlegar og andre delar av spesialisthelsetenesta for å sikre heilskaplege pasientforløp
  • Sikre at klinisk praksis, vedtak og avgjerder er i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale retningslinjer og faglege standardar
  • Vere ein pådrivar for kvalitetsforbetring, fagutvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet ved Psykosepoliklinikken/FACT

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialist i psykiatri
  • Erfaring med FACT-modellen eller tilsvarande tverrfagleg tilnærming er ein fordel
  • Må mestre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner og erfaring med tverrfagleg arbeid

Personlege eigenskapar

  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga
  • Utmerkte kommunikasjonsferdigheiter og evne til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
  • God struktur og organisering i arbeidet
  • Empatisk og løysingsorientert med ein evne til å handtere komplekse situasjonar
  • Engasjert i fagleg utvikling og kontinuerleg læring
  • Bidra til ja-kultur i teamet og opp mot samarbeidspartnarar
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande stilling i eit fagleg sterkt og erfarent miljø
  • Moglegheit til å arbeide etter FACT-modellen i eit tverrfagleg team
  • Tett legesamarbeid i poliklinikken
  • God støtte i felles ansvar for vedtak
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
  • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø der du kan vere med på å gjere ein reell forskjell for pasientane
  • Lite turnover og god trivsel
  • Moglegheit for deltaking i vaktordning


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mette Totland Håheim, Seksjonsleiar, 48056692, mette.totland.haheim@helse-bergen.no
Leila Hodali, Seksjonoverlege, 47343552, leila.hodali@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5154496820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.