Ekstern annonse

Legevaktsjef 50% - SYS IKL Sunnfjord og Ytre Sogn - Førde

Sunnfjord Og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid - Vestland
Svanehaugvegen 2, 6812 FØRDE
Fast Allmennlege Deltid Søknadsfrist: 16. Aug 2026

50% stilling som legevaktsjef ved Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid IKS (SYS IKL)

Hva vi ser etter

Søker må vere godkjent spesialist i allmennmedisin i Norge. Spesialitet i samfunnsmedisin vil og vektleggast

• Søker må ha norsk autorisasjon som lege og erfaring frå legevakt

• Gode norskkunnskaper både når det gjeld forståing og evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg, nivå B2.

• Ha førerkort klasse B

Følgende vektlegges:

• Personlig egnethet

• Faglig engasjement

• Referanser (To referanser oppgis)

Politiattest av ny dato må fremlegges før tiltredelse

Arbeidsoppgaver

Stillinga inneber at du har det øvste faglege og administrative ansvaret for organisasjonen. Som eit IKS er vi organisert med eige styre, med 5 faste styremøter årleg. I forkant av styremøter er det møte i det rådgjevande fagrådet, med legevaktansvarleg lege frå kvart legekontor i samarbeidet. Kvart halvår er det møte i representantskapen, som er organisasjonens øvste organ. Legevaktsjef førebur saker til fagråd, styre- og representantskapsmøter, og stiller i møtene med talerett. Vidare har legevaktsjef ansvaret for å gjennomføre dei vedtak som er fatta i styre- og representantskapsmøtene.

SYS IKL har ein erfaren administrativ leiar i 100% stilling, som er legevaktsjef sin næraste medarbeidar. Vidare er det to erfarne fagutviklingssjukepleiar i kvar sin 50% stilling (ØHD/legevakt og legevaktsentral/legevakt). Til saman utgjer dette leiargruppa ved legevakta som samarbeidar tett. På overgrepsmottaket er det erfaren lege i 20% stilling som medisinskfagleg ansvarleg, og erfaren fagutviklingssjukepleiar i 100% stilling.

Tidlegare legevaktsjef vil over tid vere tilgjengeleg for innføring i stillinga.

Det er om lag 50 fastlegar tilknytt legevakta. Vi har 4 fast tilsette natt-leger som går i rotasjonsstilling. Det er 28 sjukepleiarar tilsett, i samla 18 heile stillingar.

SYS IKL er ein organisasjon i utvikling, og det må påreknast arbeidsoppgåver både opp mot drift og vidareutvikling av organisasjonen:

  • Førebuing og oppfølging av saker til fagråd, styremøte og representantskap

  • Leie og vidareutvikle organisasjonen

  • Budsjettansvar for organisasjonen

  • Vedlikehalde og vidareutvikle eit godt tverrfagleg samarbeid internt og eksternt; særleg opp mot øvrige kommunar og helseføretak

  • Handtering av avviks- og tilsynssaker

  • Utarbeiding og revisjon av naudsynte fagprosedyrer og -system

  • Fagsamlingar med tilsette og legar

  • Delta i personalmøter med legevakt og overgrepsmottaket

  • Lønsforhandlingar med tilsette og legar

  • Vaktliste for legar

  • Øvrige driftsoppgåver i samarbeid med resten av leiargruppa

  • Ein vil tilrå at legevaktsjef og går legevakt (etter same ordning som fastlegane), for å ha best mogleg kjennskap til drifta


Vi tilbyr

• Triveleg arbeidsplass med gode rutiner og varierte, spanande og utfordrende arbeidsoppgaver med fokus på kompetanseutvikling

• God fastlønn

• Dekning av kursutgifter utover DNLF fond II for å oppnå spesialitet i samfunnsmedisin og/eller behalde refusjonsrett i allmennmedisin inntil 5 dagar pr år

• Gode pensjonsordninger gjennom KLP

Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) vart oppretta i 2009. Sidan 2017 har legevakta vore drifta frå nye og moderne lokal tett tilknytt Førde sentralsjukehus. Dagens legevaktsjef har vore tilsett sidan 2012.

Legevakta er samlokalisert med ØHD/ korttidsavdeling og legevaktsentral, og ligg vegg-i-vegg med ambulansestasjon og sjukehus. Legevakta dekker 6 kommuner (ca 35.000), og har legevaktsentral for ca halvparten av innbyggarane (ca 55.000) i gamle Sogn og Fjordane fylke. SYS IKL driftar og overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, med eigen medisinskfagleg ansvarleg lege.