Ekstern annonse
Lege i spesialisering indremedisin
Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering indremedisin.
Vi har ledig vikariat i spesialiseringsløp innan indremedisin med tilsetjing frå 1.9., eller etter avtale.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten.
Tryggleik og meistring er viktig for oss.
Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
- Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
- Supervisjon/rettleiing av LIS1
- Internundervisning
- Utviklings- og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
- Evne til fleksibilitet
- Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å samarbeide
- Du bidreg til innovasjon
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5152973073
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.07.2026