Ekstern annonse

Lege i spesialisering i ortopedi

OT fagmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk - Vestland
Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Vikariat Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 10. Jul 2026

Har du lyst til å bli ortoped? 

Vi vil utdanne fleire spesialistar i ortopedi, og lyser ut vikariat i eitt år for søkar både med og utan erfaring i ortopedi. Vi har høgt volum på dei fleste oropediske behandlingar og mange dyktige kollegaer. Vi har derfor dei beste føresetnader for å utdanne gode ortopedar. Vi satsar på høg kvalitet i utdanninga og at våre LIS-3 legar skal trivast i faget. Vikariatet er ledig snarest. 

Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har 5 seksjonar; traume, rygg/tumor, protese, ortopediske infeksjonar og barn. Avdelinga drifter 7 operasjonsstover dagleg, derav 2 stover/dag er reservert øyeblikkelig hjelp og 2 stover er dagkirurgi.

Avdelinga har 12 LIS-3 som roterer i arbeidsplanen 2 gonger i året. I løpet av utdanninga skal LIS-3 rotere innom fagområda protese, overekstremitet, rygg, tumor, fot, kne, skulder, traume, barn og infeksjon. I tillegg roterer LIS-3 til Skadepoliklinikken kvar 12. veke (ein del av Ortopedisk klinikk). LIS-3 får tildelt rettleiar og supervisor (supervisor kvart halvår). Fordjupingstid ligg i arbeidsplanen. Avdelinga har organisert undervisning 4 gonger kvar veke.

Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga.


Arbeidsoppgåver

  • Lege inngår i ordinær vaktordning, for tida 12-delt vakt
  • Deltar i utgreiing og behandling av ortopediske pasientar
  • Klinikken er knytt til Det medisinske fakultet, institutt for kirurgiske fag ved UiB, og har ansvar for undervisning av medisinarstudentar. Legar deltar i undervisning etter nærare avtale

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS3-stilling i ortopedi
  • Erfaring frå tidlegare arbeid innan ortopedisk kirurgi og forsking er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evne til å arbeide systematisk og effektivt
  • Bidra aktivt til godt arbeidsmiljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Teneste gjev utdanning i akutt og elektiv ortopedi i henhald til gjeldande spesialistreglar for hovudutdanninga
  • Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
  • Lønn iht gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jonas Meling Fevang, Avdelingssjef, +47 40200607

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5150456452
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.09.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 10.07.2026

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.