Ekstern annonse
To legar i nordsjøstilling til Seljord og Kviteseid legevakt
Vi søkjer to legar i 88 % fastlønnsstillingar som skal gå i Nordsjøturnus med to veker på og fire veker av.
Hva vi ser etter
Du bør vere fleksibel, trygg på å stå aleine i situasjonar, kunne jobbe sjølvstendig, men også kunne spele på lag.
Kvalifikasjonskrav
· Godkjend utdanning som lege med norsk autorisasjon, gjerne spesialist i allmennmedisin
· Erfaring frå kurativt arbeid, fortrinnsvis legevakt
· Erfaring frå kommunehelseteneste eller anna offentleg helsearbeid
· Førarkort klasse B
Arbeidsoppgaver
Arbeidet omfattar legevakt på kveld og natt, og noko kjernetid på dagtid. I kjernetida vil legane blir knytte til kvart sitt legekontor, Kviteseid og Seljord. Dei får ikkje ansvar for eiga pasientliste, men skal ta enkle konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp for alle legane på kontora. Stillinga vil i utgangspunktet ikkje telle som selektert praksis slik den er tenkt i dag, men vil telle som allmennmedisinsk teneste inntil 2 ½ år. Meir informasjon blir gitt ved førespurnad eller i intervju.
Vi tilbyr
· Løn etter avtale
· Seljord kommune har bustad til disposisjon for begge legane
· Pensjon via KLP
· IA-bedrift
Seljord legevakt
Legevakta er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Frå 1. januar 2027 går vi over til døgnbemanna legevakt og treng difor to legar i nordsjøturnus. Legevakta/legekontoret har sjukepleiar på vakt gjennom heile opningstida. Denne besvarar alle telefonar/henvendingar og set opp avtaler/gje sjølvstendige råd/assisterar ved behov.
Vi er i dag ei veldrive kommunal legevakt med for tida 9-delt turnus. Vi har Seljord og Kviteseid kommunar som nedslagsfelt, med omlag 5500 fastbuande.
Vi er brennande opptatt av fag og samhandling på tvers, med pasienten i fokus. Vi kan freiste med gode kollegaer, eit godt arbeidsmiljø og fast lønn på legevakt.