Ekstern annonse
Overlege
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2026 eit budsjett på 166 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.
Vi søker overlege til allmennpsykiatrisk poliklinikk på Tertnes 🔹Er du ein engasjert overlege som ønsker å bidra i eit sterkt fagmiljø med breitt behandlingstilbod og godt kollegialt fellesskap? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes i Åsane har vi ledig stilling som Overlege.
Om poliklinikken
Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Vi er ein stor og velfungerande eining med eit mangfaldig og spesialisert tilbod. Hos oss finn du:
- 2 allmennpsykiatriske team
- DBT team
- MBT team
- Angst og depresjonsteamTeam for spiseforstyrringar
- ROP team
- Familieteam
- Nevroteam
- Søvnteam
- Traumeteam
- Akutt ambulant team
I tillegg har vi ei spennande gruppeavdeling med samtalegrupper, uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Knarvik om fleire av dei spissa tilboda.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av tilviste pasientar individuelt og i gruppe innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
- Rettleiing og tett samarbeid med andre
- Forvalting av tvang etter lov om psykisk helsevern
- Søkers kvalifikasjoner og interesser kan påvirke arbeidsoppgavene
Kvalifikasjonar
- Spesialist i psykiatri
- Norsk autorisasjon som lege
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi Losnedahl, Rådgjevar, +47 55957014Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5150066648
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 03.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.