Ekstern annonse

Lege - 2 vikarstillingar 

Skadepoliklinikken, Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk - Vestland
Solheimsgaten 9, 5058 BERGEN
Vikariat Andre legestillinger Heltid Søknadsfrist: 23. Aug 2026

Er du ein lege som vil bruke arbeidstida di på å behandle pasientar og fritiden din til å ha fri? Da kan vi vere arbeidsplassen for deg. Om du trivast med kontorarbeid er nok andre arbeidsstader betre eigna.  

På Bergen Helsehus er det mange pasientar som mottar helsehjelp til alle døgnets tider. Skadepoliklinikken er lokalisert i Bergen Helsehus og er ei avdeling i Helse Bergen underlagd Ortopedisk Klinikk. Vi vurderer og behandlar eit stort antall pasientar dag, kveld og helg gjennom heile året. Skadepoliklinikken og kommunens legevakt samarbeider om legetenesta på Skadepoliklinikken, Daglegevakten og Overgrepsmottaket i ein felles bemanningsordning.  

Vi har ledig to vikariat, en i 100 % stilling, og en i 56,58 % stilling frå 31.08..26 til 10.10.27.

Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål. 


Arbeidsoppgåver

  • Legeteneste innan skadepoliklinikk med brot- og sårbehandling, samt teneste dagtid ved kommunal allmennlegevakt
  • Utgreiing og oppfølging av overgrepsutsette
  • Delta i opplæringsfunksjonar, øvingar og kursverksemd

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gjennomført LIS 1 teneste
  • Kurs og trening i akuttmedisin
  • Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetting
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Arbeidserfaring med akutte skadar og legevaktsarbeid
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerder
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • God balanse mellom privatliv og jobb – legane våre har minimalt etterarbeid og administrative oppgåver
  • Rullerande arbeidsplan med arbeidshelg kvar 5.helg og friveke kvar 10. veke i full stilling
  • Ingen langvakter
  • Nattarbeid avgrensa til heimevakt gjennomsnittleg 1 vakt kvar 3. veke i full stilling
  •  Fagleg fordjupningsdag annan kvar veke
  •  Ja, du får ha lunsjpause kvar dag
  •  Aldri kjedeleg – ein variert og spennande arbeidskvardag
  •  Ei legerolle der kliniske ferdigheiter er sentrale i arbeidskvardagen
  •  Tett integrasjon mellom røntgendiagnostikk og klinisk diagnostikk
  •  Lav terskel for fagleg diskusjon og openheitskultur– frå dei små detaljar til dei store linjer
  •  Ein arbeidsplass der gode idéar har grobunn
  •  Ein dynamisk arbeidsplass med blikket retta framover
  •  Ei avdeling med fokus på pasientsikkerheit, gode pasientforløp og omsorg for både pasientar og tilsette
  •  Fleksibel oppstartsdato


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Hiis Bergh, Avdelingsoverlege, +47 55568714
Njål Kleven, Overlege, 53031821

Arbeidsstad

Solheimsgaten 9
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5144500042
Stillingsprosent: 100, 56,58%
Vikariat
Startdato: 31.08.2026
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 23.08.2026

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.