Ekstern annonse
Ass. avdelingsoverlege/ ass.seksjonsleiar
Det er ledig 50% stilling som ass. avdelingsoverlege/ass. seksjonsleiar ved avdelinga. Føresetnad for å søke på stillinga er gode leieregenskaper og erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver. God kunnskap om avdelinga vil vektleggast.
Arbeidsoppgåver
- Fast avløysar for avd.overlege/seksjonsleiar og er dennes rådgjevar
- Personalansvar for LIS-gruppa
- Medlem i utvida leiargruppe
- 50% klinisk arbeid som overlege
- Kodefagleg ansvar
- Bidra til forbetringsarbeid i avdelinga, td "Kloke Valg"
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon, og godkjend spesialist i augesjukdommer
- Gode leierevner og erfaring frå tilsvarande jobb
- Gode kommunikative evner, og evner til å ta raske avgjerder
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124, frank.jenssen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5145162588
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.