Ekstern annonse

Lege i spesialisering, LIS3, psykiatri

Folgefonn DPS, Helse Fonna HF - Vestland
Sjukehusvegen 13, 5451 VALEN
Vikariat Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 10. Aug 2026

Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost Folgefonn DPS. Vikariatet gjeld for eitt år frå 1. september 2026.
Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.

Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.

 Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:

  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Valen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene:

  • Akutt psykiatrisk post
  • Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg

Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 kmilometer unna.

Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning  for allmennlegar spesialisering (ALIS).  Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda. ALIS teneste Odda er utan vakt.

Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • set pasienten i fokus og møter folk med respekt og tryggleik
  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • kommuniserer godt, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • trivst med å jobbe i team og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
  • Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Rolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, +4741470958, rolf.christian.mehl@helse-fonna.no
Maren Elise Skogseth, Avdleingsleder, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 13
5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5137225494
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.08.2026

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og elleve ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.