Ekstern annonse
Overlege i patologi
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!
Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre.
Avdelinga held til i Noregs vakraste by – Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2024 svarte vi ut om lag 28 000 biopsiar, 20 000 cytologiprøver og gjennomførte 80 obduksjonar. Avdelinga har i dag tilsett 5 overlegar (1 konstituert) og 3 LIS, i tillegg bioingeniørar og sekretærar, til saman 34,6 stillingar. Vi tilbyr gode høve til fagleg utvikling og legg til rette for deltaking på relevante kurs.
Ønskjeleg oppstart for overlegestillinga er snarast, etter nærare avtale med avdelingssjef.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Generell histologi- og cytologidiagnostikk (avdelinga har ikkje fagspesialisering)
- Supervisjon innan patologisk diagnostikk og obduksjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Norsk autorisasjon som spesialist i patologi, eller vere i sluttfasen av spesialistutdanninga
- Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagt
- Arbeidsspråket er norsk, men eit anna skandinavisk språk kan nyttast i ein overgangsperiode
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og trivast i eit dynamisk miljø
- Vilje til å bidra til både eiga og kollegaer si faglege utvikling
- God arbeidskapasitet
- Positiv og bidragsytande i arbeidsmiljøet
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, hilde.guttormsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5124639564
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026