Ekstern annonse

Lege i spesialisering Rus- og avhengigheitsmedisin

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling, Helse Møre og Romsdal HF - Møre og Romsdal
Vestmoa 27, 6018 ÅLESUND
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 07. Jun 2026

Ønskjer du nye utfordringar i 2026?

Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss. Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Vi har ledig fast 100 % stilling for lege i spesialisering (LIS) ved avdeling TSB, Ålesund behandlingssenter frå 01.06.2026.

Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Avdelinga tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Ålesund behandlingssenter har tilbud om avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Som LIS vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus-og avhengighetsmedisin hos oss.

Ta kontakt om du ønskjer meir informasjon. Du er velkomen som søkjar!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
  • Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning
  • Undervisning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, 70 17 13 00, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.no

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5120851351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal