Ekstern annonse
Stipendiat innan digital hjarterehabilitering
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling i 100% som stipendiat innan fagområde digital hjarterehabilitering ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Haugesund, Stord, Bergen eller Førde
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år der 75 % av tida vil vere knytt til prosjekt og forsking, og 25 % vil utgjere anna karrierefremjande arbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon ved HVL. Det kan vere aktuelt endre tidsramma til 6 år, slik at ein kan kombinere 50 % stilling i klinikk og 50 % stilling i doktorgradsprosjektet.
Stipendiaten vil inngå i forskingsgruppa Patient-Reported Outcomes in Cardiology (PROCARD), som er leiande innan forskingsbasert kunnskap og implementering i det kliniske fagfeltet. Som forskingsgruppe kan vi vise til ei breitt samansett plattform av nasjonalt og internasjonalt anerkjende forskarar som samarbeider tett i både prosjekt og publikasjonar. Dette sikrar at forskinga er forankra i kliniske, dagsaktuelle problemstillingar og bidreg med publikasjonar av høg internasjonal kvalitet.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved campus Førde, campus Bergen, campus Stord eller campus Haugesund i tilsettingsperioden. Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet.
Det er ønskjeleg med oppstart tidleg haust 2026.
Om prosjektet:
Årleg blir om lag 12 000 pasientar behandla med perkutan koronar intervensjon (PCI), og sjukehusopphaldet har blitt stadig kortare. I den samanhengen er det viktig at pasienten får eit tilbod om fleksible og tilgjengelege løysingar for sekundæroppfølging. Ei nasjonal registerstudie viser at berre 14% av pasientane gjennomfører guidelinesbasert hjarterehabilitering. Internasjonalt har innovative digitale tiltak gjennomført utanfor spesialisthelsetenestene vist seg å være berekraftige alternativ som betrar tilgjengelegheita og opptak til hjarterehabilitering. Likevel er dette så langt ikkje implementert som eit alternativ til tradisjonell hjarterehabilitering i Norge. Forskingsgruppa PROCARD har utvikla eit digitalt hybrid rehabiliteringsprogram - eHjerteRehab. eHjerteRehab vil dermed vere banebrytande i Norge.
Prosjektet har hovudfinansiering frå Norges forskingsråd, og både innovasjon- og forskingsmidlar frå Helse Vest. Prosjektet har ulike arbeidspakkar der ein arbeider med ulike tematikkar, og denne stipendiatstillinga er knytt til fysisk aktivitetsparametre og/eller data frå biobank. Testdata vil også vere kobla til data frå nasjonale registre, pasientjournal og sjølvrapport. Data frå feasibility-studien er allereie innsamla, inkludert kvalitative intervjudata. Ei multisenter randomisert kontrollert studie startar no opp.
Ansvars- og arbeidsområde: Kandidaten vil få konkrete praktiske arbeidsoppgåver i prosjektet relatert til kompetanse og fagbakgrunn. Oppgåvene vil vere tett knytt til tematikk for forskingsarbeidet.
Les meir om prosjektet her: https://www.helse-bergen.no/avdelinger/hjarteavdelinga/procard/ehjerterehab/
For meir informasjon om forskingsgruppa: https://www.hvl.no/forsking/gruppe/procard/.
Etter tilsetting vil kandidaten saman med rettleiar utarbeide ein detaljert plan for prosjektet og forskarutdanninga som skal knytast til opptak ved ph.d.- utdanninga «Helse, funksjon og deltaking ved Høgskulen på Vestlandet. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet her: Ph.d. i Helse, funksjon og deltaking - Høgskulen på Vestlandet
Interesserte søkarar kan ta kontakt med prosjektleiar for eHjerteRehab; professor Tone M. Norekvål: tone.merete.norekval@helse-bergen.no Tel: 99044635
Det øvrige teamet rundt stipendiaten vil bli etablert ved tilsetting.
Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt vert innretta slik at stipendiaten kan bli tatt opp på ph.d.-studiet Helse, funksjon og deltaking. Søknaden skal sendast seinast 3 måneder etter tilsetting.
Kvalifikasjonskrav:
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant mastergrad eller tilsvarande innan kliniske fagområde som er relevante for arbeidsoppgåvene i prosjektet til dømes fysioterapi og medisin.
- Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering, og mastergrada (120 studiepoeng eller tilsvarande) må vere godkjend 3 veker etter søknadsfrist.
- Mastergrada må innehalde ei masteroppgåve med eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Karakter på masteroppgåva skal normalt vere B eller betre, og gjennomsnittskarakteren for studiedelen skal også normalt vere B eller betre. Personen som blir tilsett må dekke krava til opptak til Ph.d. programmet «Helse, funksjon og deltaking»: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/helse-funksjon-og-deltaking/
- Gode ferdigheiter både skriftleg og munnleg i norsk, dansk eller svensk, i tillegg til engelsk
Ønska kvalifikasjonar:
- Faglege kvalifikasjonar innan temaområdet i prosjektet
- Erfaring med hjartepasientar
- Relevant metodekompetanse, klinisk og vitskapleg
- God digital kompetanse
- Tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
Personlege eigenskapar:
- God evne til å arbeide effektivt og systematisk
- Evne til å ta initiativ og ansvar
- Trivast med å arbeide i tverrfagleg team
- Evne til nytenking
- God arbeidskapasitet
- Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt
- Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet
Personlege eigenskapar som motivasjon, samarbeidsevner, sjølvstende og gjennomføringsevne, vil bli tillagt vekt i den samla vurderinga.
Tilleggskrav - skal leggast ved søknaden:
- Søkaren må leggje ved eit refleksjonsnotat på inntil 3 sider, som tek utgangspunkt i perspektiv og metodiske tilnærmingar innan digital hjarterehabilitering, relatert til tema knytt til fysisk aktivitetsparametre og/eller data frå biobank. I tillegg må det liggje føre ein plan for gjennomføringa av stipendiatprosjektet, samt motivasjonen for å søkje.
- Masteroppgåva / Særoppgåva
- Inntil 3 vitskaplege publikasjonar dersom søkjar har slike som ein ønskjer vurdert
- Komplett publikasjonsliste
- Vitnemål og attestar
Tilleggskrav for opptak til ph.d.-utdanninga helse, funksjon og deltaking:
Vedtak om opptak vert gjort på bakgrunn av ei samla vurdering av søkaren sin formelle kompetanse, kvaliteten på prosjektplanen og forskingsmiljøet søkaren skal tilhøyre.
Det er ein føresetnad at søkar har eit ph.d. prosjekt som er relevant for den faglege profilen for ph.d.- programmet Helse, funksjon og deltaking.
Nærare informasjon om ph.d. utdanninga finn ein på: https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/.
Korleis søke på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil tre vitskaplege arbeid dei ønsker å ha med i vurderinga , fullstendig publikasjonsliste, eventuell prosjektbeskriving, attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Hvis vedlegga overskrider 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Spennande stipendiatstilling for deg som har interesse for preventiv kardiologi og som ønsker å fordjupe deg innan trening, testing, tenesteutvikling og innovasjon – alternativt forsking innan biomarkørar.
Tverrprofesjonell forskingsgruppe på internasjonalt nivå.
Ungt, dynamisk fagmiljø med store mogelegheiter for utvikling.
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving – og utvikling
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, startløn kr. 550.800,- Det vert gitt automatisk lønnsutvikling i inntil 4 år med 3 % årleg stigning.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkaren bli gjort offentleg, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Søkar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følge.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.