Ekstern annonse
Overlege augesjukdomar
Vil du vere med å forme framtidas augehelseteneste i Ålesund?
Vi har ledig fast stilling for overlege innan augesjukdomar. Startdato 20.07.26, eller etter avtale.
Er du ein engasjert augelege som trivst i eit fagleg sterkt og tverrfagleg miljø? Hos oss får du arbeide tett saman med dyktige ortoptist, optikar, sjukepleiarar og merkantile medarbeidarar som alle brenn for å gje pasientane trygg og moderne augebehandling. Vi tilbyr en arbeidsplass der samarbeid, kvalitet og utvikling står i sentrum – og der du får rom til både fagleg fordjuping og påverknad på vidareutviklinga av tenestene.
Hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø med kollegaer som gjer at du føler deg støtta i arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar
- Dagkirurgi
- Vurdering av tilvisingar
- Delta i heimevaktordning
- Supervisjon og veiledning av LIS, samt anna personell
- Fagutvikling og undervisning
- Bidra i utvikling og kvalitetssikring av polikliniske tenester
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning innan augesjukdomar
- Erfaring med kataraktkirurgi er ønskelig
- Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss ein kollega som jobbar sjølvstendig, er ansvarsfull og positiv og som er samarbeidsorientert og løysingsfokusert.
- Du er fleksibel, endringsvillig og har evne til å jobbe godt og målretta saman med kollegaene dine.
- Du bidreg til eit utviklande og godt arbeidsmiljø med sikker og god kommunikasjon til det beste for våre pasientar.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Tilpassa turnus
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Renate Susann Waage Fylling, Seksjonsleiar, Renate.Susann.W.Fylling@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5072738442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.07.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026