Ekstern annonse
Førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (allmennmedisin)
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillingen
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i allmennmedisin i ca 2,5 år frå tilsetjing (tom 31.12.2028). Stillinga er finansiert av Bergen Kommune og knytt til fast relevant hovudstilling i primærhelsetenesta i Bergen kommune (fastlege eller fast tilsett lege), med moglegheit for fornying. Det må gå fram av søknaden kvar søkjar har hovudstilling.
Stillinga er plassert i Fagområde for allmennmedisin (FAM). FAM har 14 fast tilsette i tillegg til fleire bistillingar og stipendiatar. IGS er lokalisert i eit flott nybygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider med forsking, innovasjon og undervisning retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig del. Bergen kommune er en klyngepartner. Den som tilsettast vil ha et spesielt ansvar for å fremje samarbeid med Bergen kommune relatert til forsking, undervisning og fagutvikling innan allmennmedisin, i samarbeid med andre tilsette i FAM.
Vi søkjer ein lege som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning med vekt på allmennmedisin gjennom det nye studieprogrammet Vestlandslegen (Legeutdanning i Noreg - Vestlandslegen som satsing ved UiB | Vestlandslegen | UiB).
Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Alrek helseklynge. Den tilsette vil også delta på stabsmøter ved instituttet. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:
- Leie og initiere forskingsprosjekt
- Undervise og rettleie studentar og stipendiatar. Undervisningsplikta er først og fremst knytt tilfagområdet for allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
- Ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
- Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning.
- Aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
- Sende søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.
Arbeidsoppgåver for universitetslektor:
- Undervise og rettleie studentar. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
- Ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
- Delansvar for utforming av undervisning i allmennmedisin
Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:
Kvalifiserte søkjarar må:
- ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.
- vere utdanna lege (cand.med.), ha erfaring frå klinisk allmennmedisin og helst vere spesialist i allmennmedisin eller under spesialistutdanning.
- ha erfaring med forskingsprosjekt i relevante tema
- ha erfaring med undervisning, på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar.
- fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan fire år frå tilsetjing
Det er ønskjeleg at søkjarar har:
- erfaring med rettleiing av ph.d.-kandidatar
- erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar
- evne til å etablere internasjonale nettverk
- eiga forskingsgruppe, eller er i ferd med å etablera eiga forskingsgruppe
- erfaring med og interesse for innovasjon
Personlege eigenskapar og praktiske pedagogiske ferdigheiter blir lagt vekt på ved vurderinga.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:
Søkjar må
- vere lege (cand.med.-grad) og helst ha spesialitet i allmennmedisin eller vere under utdanning. Andre spesialiteter kan og vere relevante.
- ha engasjement og interesse for undervisning, og og gode praktiske pedagogiske ferdigheter
- ha gode kommunikasjonsevner
- ha vilje og evne til samarbeid
Det er i tillegg ønskeleg at søkjar
- har brei og relevant klinisk erfaring innan allmennmedisin
- har undervisnings- og administrativ erfaring
- har erfaring med populærvitskapleg formidling
- har interesse for forsking
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og planar for eiga forsking
- Utfyllande CV, vitnemål og attestar
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Søknaden skal innehalde for universitetslektor:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
- Fullstendig publikasjonsliste
- Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: (tittel, namn, arbeidsstad og telefonnummer)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.