Ekstern annonse
Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Kysthospitalet i Hagevik
Det er frå august ledige stillingar som tilkallingsvikar for medisinstudent med lisens ved Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF.
Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 22 senger og 4 operasjonsstover. Kysthospitalet ligg idyllisk til ved sjøen i Bjørnafjorden.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen og vil gå vakter ved Kysthospitalet i Hagevik (KiH). Bemanningssenteret formidlar vikarar og tilkallingsvikarar til heile Helse Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidet vil vere mottak, journalføring og oppfølging av pasientar som kjem til innlegging eller operasjonsklarering. Det vil også vere aktuelt med enkelte visittar på sengepost, operasjonsassistanse og LIS-vakter. Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan. I hovudsak dagarbeid 07.30 - 16.00
- Ein blir tilkalt ved behov
Kvalifikasjonar
- Må vere under relevant medisinsk utdanning
- Må inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos SAK
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Janne Kristiansen, Rådgivar , 48286300, janne.kristiansen@helse-bergen.noArbeidsstad
Hagaviksbakken 255217 Hagavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5121336421
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.