Ekstern annonse

Kommuneoverlege

Vaksdal kommune - Vestland
Konsul Jebsensgate 16, 5722 DALEKVAM
Fast Kommuneoverlege Heltid Søknadsfrist: 18. Mai 2026

Om stillinga

Vaksdal kommune søkjer ein fagleg sterk og engasjert kommuneoverlege i 50 % stilling. Kommuneoverlegen er kommunen sin øvste medisinskfaglege rådgjevar og er organisatorisk plassert direkte under kommunedirektøren.

Stillinga har ei sentral rolle i utviklinga av kommunen sitt samfunnsmedisinske arbeid, og gir gode moglegheiter til å påverke både strategisk og operativt nivå.

Det er høve til å kombinere stillinga med offentleg allmennmedisinsk arbeid i kommunen.


Arbeidsoppgåver

  • Vere medisinskfagleg rådgjevar for kommunedirektøren og kommunen si leiing 
  • Ha ansvar for smittevern, inkludert oppdatering og oppfølging av smittevernplan 
  • Utføre oppgåver innan miljøretta helsevern 
  • Bidra i kommunen sitt folkehelsearbeid, inkludert oversiktsarbeid etter folkehelselova 
  • Delta i beredskapsarbeid og krisehandtering 
  • Samarbeide med fastlegar, legevakt, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar 
  • Utføre andre samfunnsmedisinske oppgåver etter behov 
  • Andre delegerte oppgåver frå kommunedirektør

     


Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialist i samfunnsmedisin, eller under spesialisering (relevant erfaring kan kompensere) 
  • Kjennskap til offentleg helsearbeid og relevant lovverk 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk  
  • Politiattest vil bli påkrevd

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert 
  • God rolleforståing og gjennomføringsevne 
  • Interesse for samfunnsmedisinske problemstillingar 
  • Du arbeider godt under press og har god prioriteringskompetanse  

Vaksdal Kommune kan tilby

  • Ei viktig og meiningsfull rolle med stor påverknadskraft 
  • Fleksibilitet og moglegheit for å kombinere med klinisk arbeid 
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.