Ekstern annonse

Overlege i kardiologi / generell indremedisin

Odda sjukehus - Rogaland
Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND
Fast Overlege/spesialist Heltid Søknadsfrist: 26. Mai 2026

Vil du jobbe som kardiolog / generell indremedisiner ved eit lokalsjukehus med breitt klinisk ansvar, akuttfunksjon og korte vegar mellom fagfolka?

Odda sjukehus er eit viktig sjukehus for innbyggjarane i Indre Hardanger. Her tek vi imot pasientar med både medisinske og kirurgiske problemstillingar, stabiliserer akutte tilstandar og sørgjer for rask og trygg behandling – anten pasienten skal behandlast hos oss eller vidare til eit større sjukehus.

Som overlege i kardiologi / generell indremedisin blir du ein sentral del av eit erfarent og stabilt fagmiljø. Du får jobbe tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper, og du får ei rolle med både klinisk breidd, fagleg ansvar og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.

Hos oss får du òg eit nært samarbeid med geriater med lang erfaring frå både sengepost og poliklinikk. Vi har poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, radiologi, laboratorium, akuttmottak, operasjonsstover, anestesi, overvaking og sengepostar – alt samla i eit oversiktleg og tverrfagleg miljø.

👉 Vi håpar du vil søkje – og vi gler oss til å bli betre kjend med deg.

Tiltreding etter avtale.


Kva går jobben ut på?

Som overlege i kardiologi / generell indremedisin hos oss vil du mellom anna:

  • gå visitt og følgje opp pasientar på overvakingseining og sengepost
  • delta i vaktarbeid
  • ha klinisk arbeid ved kardiologisk poliklinikk
  • bidra i internundervisning, rettleiing og supervisjon av LIS1-legar
  • samarbeide tett med andre faggrupper og bidra til gode pasientforløp

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som lege
  • godkjend spesialistutdanning i kardiologi / generell indremedisin
  • relevant erfaring frå sjukehus
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Det er ein fordel om du:

  • har erfaring frå både sengepost, poliklinikk og vaktarbeid
  • trivst med brei kardiologisk og indremedisinsk arbeid i eit lokalsjukehus
  • har interesse for fagutvikling, undervisning og rettleiing

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Har trygg fagleg vurderingsevne og trivst med ansvar i ein variert klinisk kvardag.
  • Samarbeider godt med andre, deler kunnskap og bidreg positivt i fagmiljøet. Hos oss er det viktig at du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, ro og profesjonalitet.
  • Er fagleg engasjert, strukturert i arbeidet og motivert for å vere med og utvikle eit godt tilbod til pasientane våre i Indre Hardanger.

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • eit breitt og variert kardiologisk og indremedisinsk fagfelt
  • tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit oversiktleg lokalsjukehus
  • ein arbeidsplass der du kjem tett på både pasientane og fagmiljøet
  • høve til å bidra i utvikling av tenestene ved Odda sjukehus
  • hjelp til å finne bustad, og ved behov støtte til å sjå på jobb moglegheiter for partnar og skule/barnehage for barn

Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Kari Marie Tjelmeland, Avdelingsleiar, +47 5365112, kari.marie.tjelmeland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5119946168
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.