Ekstern annonse

Lege i spesialisering (LIS2), Indremedisin

Medisinsk avdeling Stord sjukehus - Vestland
Tysevegen 64, 5416 STORD
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 12. Mai 2026

Vil du spesialisere deg i generell indremedisin? Vi har ledig 3 faste stillingar frå 01.09.26!

Ved Medisinsk avdeling på Stord sjukehus øker vi frå 9 til 10 LIS 2/3-stillingar. Med ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Det er faste fordjupingsdagar integrert i den rullerande vaktplanen.

Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i postarbeid og på poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.

Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi har eit samarbeid med Helse Bergen som gjer det mogleg å fullføre spesialiseringa di der. Om ønskjeleg kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.

👉 Søk i dag – aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande!


Kva går jobben ut på?

  • Dagleg oppfølging av pasienten i nært samarbeid med eit fleirfagleg behandlingsteam.
  • Samarbeid internt med andre faggrupper.
  • Journalarbeid.
  • Vaktarbeid.
  • Postarbeid.
  • Poliklinikk.
  • Internundervisning.
  • Delta i utgreiing og behandling .

Kva kompetanse er viktig i denne jobben?

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Godkjent LIS 1 innan startdato er eit krav for å bli vurdert til stillinga.
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel.
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse.
  • Kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar blir vektlagd. 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er ansvarsbevisst
  • er engasjert
  • har gode datakunnskapar 

Kvifor velje oss?

  • 10-delt vaktordning med todeling av vaktdøgnet. Aktiv vakt tilstade på sjukehuset. Erfarne overlegar i bakvakt og tilstade i samsvar med vaktplan på kveld og helg.
  • Rekrutteringsstillegg.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Medlemskap i landets kanskje beste pensjonsordning.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Philipp Reichel, Avdelingsoverlege, +47 41075030, philipp.helmut.reichel@helse-fonna.no
Kristine Aasheim Imsland, Avdelingsleiar, +47 90695531, kristine.aasheim.imsland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5116321041
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2026

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.