Ekstern annonse
Vikariat som fastlege 70% stilling
Gol kommune Helseavdelinga - Buskerud
Gamlevegen 4,
3550
GOL
Vikariat
Fastlege
Deltid
Søknadsfrist: 17. Mai 2026
Ønskjer du deg ein spanande og variert arbeidskvardag som fastlege i eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Gol kommune har no eit 70 % vikariat som fastlege ved kommunelegekontoret. Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer i alle aldre som bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Fastlege for listepasientar (om lag 700 innbyggjarar)
- Øyeblikkeleg hjelp på dagtid
- Legevakt etter gjeldande vaktordning
- Helsestasjonen for Ungdom
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
- Gode norskunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Vi søkjer deg som
- Har gode fagkunnskapar og evne til å jobbe sjølvstendig
- Kommuniserer godt med pasientar og kollegaer
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Har interesse for fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Rettleiing frå erfarne kollegaer – fleire spesialistar i allmennmedisin
- ALIS‑avtale ved behov
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
- Korte avstandar til samarbeidspartnarar – helsestasjonen ligg i same bygg
Anna
- Gyldig politiattest må leggjast fram
- Attestar og vitnemål takast med til intervju
- Du kan be om å ikkje stå på offentleg søkarliste i søknadsskjemaet. Dersom ønsket ikkje blir innvilga, vil du bli varsla før eventuell offentleggjering, jf. offentleglova § 25.
Link til søknadsskjema: Søk her
Gol er den største kommunen i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggere. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Vi er enige om at: «det er samarbeid som former framtida». Vi kan by på svært gode muligheter for en aktiv fritid, både innen friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har et koselig og innbydende sentrum, som er et knutepunkt i regionen. Vi er Hallingdals handelssentrum med mange og varierte butikker. Gol ligger midt mellom øst og vest med kort vei både til Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som skaper god forbindelse mellom oss og Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny grunnskole og ny flerbrukshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud i videregående skole.