Ekstern annonse
Overlege i radiologi
Er du klar for å bli ein del av laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus?
Som overlege hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling, der du i tillegg deltek i vaktordning og bidreg i den akutte radiologiske beredskapen. Radiologi er eit fagområde i rask utvikling, og vi står midt i ei tid der ny teknologi gir oss heilt nye moglegheiter – noko du som overlege vil vere med på å forme og ta i bruk.
Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss får du brei erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab.
Avdelinga har 8 LIS-stillingar og 13 overlegestillingar. Frå 2025 vil overlegestillingane utelukkande vere besette av eigne, faste tilsette. Overlegane utgjer ei inkluderande og fagleg sterk gruppe med høgt kompetansenivå. Fleire av legane har doktorgrad, og det ligg godt til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette.
Vi ønskjer no å styrke laget med fleire engasjerte overlegar som også vil inngå i vaktordninga, og som kan bidra aktivt til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk.
Vi har ledig 1 fast 100 % stilling som overlege med vakter. Oppstart etter avtale. Intervju skjer fortløpande.
Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men dersom du ikkje har høve før hausten 2026, oppmodar vi likevel til å sende søknad.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Utføre og tolke radiologiske undersøkingar
- Delta i vaktordning med tilstadeverande teneste 24/7
- Bidra i akuttberedskap og handtering av akutte funn
- Delta i tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for optimal diagnostikk og pasientforløp
- Utføre og delta i intervensjonsradiologiske prosedyrar
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga
- Rettleiing og supervisjon av LIS-legar
- Delta i internundervisning og faglege møter
- Bidra til forsking og utviklingsarbeid ved interesse
- Roterer mellom ulike fagområde basert på kompetanse og behov
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning i radiologi
- Gode faglege kunnskapar innan generell radiologi og gjerne erfaring frå spesialområde som CT, MR, ultralyd eller intervensjon
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra i eit tverrfagleg miljø
- Interesse for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og eventuelt forsking
- Fagleg engasjert med eit sterkt ønske om kontinuerleg utvikling
- Fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
- Bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Interesse for rettleiing og fagleg utvikling av kollegaer og LIS
- Personlege eigenskapar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø vert vektlag
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund:
Ålesundsregionen byr på eit rikt og variert liv mellom fjell og sjø, med fantastiske moglegheiter for friluftsliv. Byen har eit levande kulturliv, og flyplassen ligg om lag 25 minutt frå sjukehuset, med fleire daglege avgangar til både nasjonale og internasjonale destinasjonar. Les meir om Ålesund her.
Kontaktinformasjon
Gulay Kar, Avdelingssjef, gulay.kar@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5100824998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026