Ekstern annonse
Lege i spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri
Ønsker du å spesialisere deg innan barn og unge?
Då kan du bli vår nye LIS i Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Bergen. Vi har no ledig to faste, spennande LIS-stillingar og søker deg som ønsker å vere med på å gjere ein forskjell for barn og unge. Dersom dette høyrest ut som noko for deg, håpar vi at du vil søke stillinga. I tillegg søker vi etter lege med lisens som kan delta i vår vaktordning.
LIS-stillinga er ei fast heiltidsstilling med variert klinisk arbeid innan psykisk helsevern. Du vil arbeide tett saman med tverrfaglege team og få gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering i tråd med gjeldande utdanningsløp.
Lisensstillinga er knytt til arbeid i 12-delt vaktturnus, i hovudsak vaktteneste. Stillinga eignar seg godt for lege med lisens som ønsker klinisk erfaring innan psykisk helsevern. Stillingsprosent/omfang blir avtalt individuelt, basert på ønskje og behov.
Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge har sju allmenne poliklinikkar. Desse er geografisk fordelte og dekker alle kommunane i Helse Bergen sitt opptaksområde. I tillegg har vi tre sengepostar, spesialpoliklinikk og ambulante tenester.
Som LIS hos oss vil du starte i ei av poliklinikkane. Du vil arbeide i tverrfaglege team og samarbeide med ulike faggrupper, mellom anna psykologar/spesialistar, legar/spesialistar og miljøterapeutar (vernepleiarar, sjukepleiarar m.fl.).
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i barne- og ungdomspsykiatri. Det blir vist til eiga utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Vi legg stor vekt på at du skal få ei trygg og god LIS-utdanning hos oss. Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon, er du velkommen til å ta kontakt.
Den som får tilbod om tilsetting, må legge fram merknadsfri politiattest (vandel) i samsvar med lov om helsepersonell § 20 a.
Arbeidsoppgåver
- Vedkommande som blir tilsett skal delta i utgreiing, diagnostisering og behandling av psykisk sjuke pasientar i alderen 0-18 år
- Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner og delta i tverrfagleg arbeid. Ein må kunne kommunisere og samhandle godt med foreldre og barnet sitt nettverk
- LIS tenesta vil bli tilrettelagt jfr. ny føresegn med aktuelle læringsmål
- Vaktordning etter gjeldande vaktordning (gjeld for begge stillingar)
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS3-stilling i barne- og ungdomspsykiatri
- Søkar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Kunne samhandle med barn og unge med psykiske utfordringar og deira føresette
- Vere open for nye utfordringar og vere engasjert
- Kunne arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og rekrutteringstillegg på kr 100 000
- Fleksibel arbeidstid
- Overlege som rettleiar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Leggje til rette for alle tenester som er nødvendig innan spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Torill Bakke, Assisterande klinikkleiar, 95178262, toril.bakke@helse-bergen.noArbeidssted
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Bergen HFReferansenr.: 5115824374
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.