Ekstern annonse
Legevikariat
Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode d.d.-31.07.2027.
Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det
Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS
Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.
Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Helsestasjon/skulehelseteneste:
Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU).
Legen er også tilknytta og samarbeidar med:
- Helsestasjonsteam, helsesjukepleiarar som har helsestasjon 0-5 år
- Skuleteam, helsesjukepleiarar som arbeider ute i skulehelsetenesta
Ein har også kontakt med skulane og elevar/føresette ved behov.
Legen er ansvarleg for alle førsteklasseundersøkingane og enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.
Helsestasjonen har eigen avdelingsleiar som vil vere din leiar i delen av stillinga som er knytt til helsestasjonen. Elles er det omtrent 12 årsverk fordelt på 17 tilsette. I tillegg til helsestasjonslege har vi jordmor, merkantil ressurs, kommunepsykolog og engasjementstilling for familieterapeut. Resterande er helsesjukepleiarstillingar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling.
Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.
Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).
Sjukeheim:
Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Tenesteleiar for omsorgs og sjukeheim er leiar for sjukeheimslegane.
Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.
Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.
Arbeidsoppgåver
Helsestasjon:
- legeoppgåver ved helsestasjon og HFU
- du kan inngå i fleire team på hesestasjonen(skuleteam, helsestasjonsteam)
- enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar
Sjukeheim:
- tilsynslegeoppgåver ved Vartdal helsetun og Hjørundfjorheimen på Sæbø
Kvalifikasjonar
- du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger
- du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg
- det er krav om godkjend politiattest
- du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste
Personlege eigenskapar
Vi søker etter ein lege som
- likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre
- skaper gode relasjonar til born, eldre, føresette og pårørande
- er opptatt av fagutvikling
- har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre
- er fleksibel
- snarleg tilsetting vil verte prioritert
Vi tilbyr
- godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane
- dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane
- Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag
- Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Camilla Nupen, Avdelingsleiar helsestasjonen, 90075316, camilla.nupen@orsta.kommune.noRuna Bakke, Tenesteleiar Helse, tildeling og koordinering, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5113009050
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 10.05.2026
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.