Ekstern annonse

Fastlege -tilsynslege

Sveio kommune - Vestland
Sveiogata 70, 5550 SVEIO
Fast Fastlege Heltid Søknadsfrist: 04. Mai 2026

Om stillinga

Førde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 1400 listepasientar fordelt på 2 kommunalt tilsette fastlegar. 

Me har ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste med tak på 600 pasientar. Pasientlista vert ivaretatt av vikar. 

I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 40% stillings storleik. Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter  ) 

Kommunestyret i Sveio vedtok sommaren 2025 å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor i Sveio sentrum, og planlegginga av dette er i gang. 


Arbeidsoppgåver

  • Fastlege for liste med tak på 600pasientar
  • Tilsynslege 40 % Sveio omsorgssenter (2 dagar i veka) 
  • Tilplikta legevakt i interkommunal legevakt (Haugesund kommune vertskommune) 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin. 
  • Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (ALIS) 
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg. 
  • Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Fleksibel og serviceinnstilt 
  • Kvalitetsbevisst
  • Nøyaktig og strukturert 
  • Oppteken av å bidra tileitgodt arbeidsmiljø 
  • Personlege eigenskaparvil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Stillinga er avløna med fastløn+ provisjonsavtale 
  • Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP. 
  • Kommunen er open forå drøfta andre drifts formar enn kommunal fast tilsetjing (privatnæringsverksemdeller 8.2 avtale) om ønskeleg. 

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.