Ekstern annonse

Lege i spesialisering

Klinikk for medisin Haugesund og Odda, Helse Fonna HF - Rogaland
Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 03. Mai 2026

I Medisinsk avdeling, Haugesund sjukehus, har me no to faste stillingar i LIS3 Hjertesjukdommar (kardiologi) samt ei stilling LIS3 Endokrinologi, å tilby. Ved intern tilsetjing i stillingane, vil LIS2-stillingar frigjerast. Oppstart 01.09.26, men seinare oppstart er også fullt mulig.

Avdelinga er aktiv og har stort fokus på fag og utdanning. Læringskurva er bratt, og ein byggjer opp solid kompetanse innan det indremedisinske fagfeltet.
Me har eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte fagfolk. Legar i spesialisering får god oppfølging og arbeider tett saman med spesialistgruppa. Det er låg terskel for faglege diskusjonar og drøftingar. Gjennom eit grundig fadder- og introduksjonsprogram, følgevakter og tett oppfølging i den første vaktperioden, er målet at LIS-lege skal kjenna seg trygg i møte med avdelinga og faget. Stillinga inneber deltaking vaktteneste, 16-delt vaktlag frå 1. september 2026.

Medisinsk avdeling omfattar Hjarte- og lungeavdelinga, Avdeling for eldremedisin, Medisin avdeling A (gastroenterologi og nefrologi), Medisin avdeling B (hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin) og Mottaksavdelinga. Akuttmottaket (Mottaksavdelinga) er ei aktiv og dynamisk avdeling der høg aktivitet skapar gode læringsmoglegheiter. Mottaksavdelinga har no tre overlegar/akutt- og mottaksmedisinarar tilsett i akuttmottaket.

I Helse Fonna tilbyr me gode lønsvilkår for LIS2/3. Basislønna for LIS2/3 vart auka i 2024. Lågaste lønskategori ved oppstart for LIS2/3, uavhengig av ansiennitet, er lønskategori B (tilsvarande 2–4 år gjennomført tid i spesialisering). I tillegg er det innført eit kollektivt tillegg for LIS2/3 ved oppstart, der tillegget aukar med opparbeidd ansiennitet.

Send oss søknaden din i dag – me ser fram til å bli kjent med deg!
  


Kva går jobben ut på?

  • Arbeid ved sengeeining
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Delta i tilstedevakt, pt. 16-delt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon
  • Gjennomført turnusteneste/LIS1-teneste
  • Relevant erfaring frå LIS-stilling på sjukehus blir vektlagd
  • God norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarlieg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereide fast tilsette i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Har evnen til å ta sjølvstendige avgjersler

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg miljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Borghild Aakra, Klinikkoverlege, 481 59 445

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5114336182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 03.05.2026

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.