Ekstern annonse
Naustdal legekontor har ledig
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.
Vi har 1 ledig heimel som fastlege ved Naustdal legesenter i Sunnfjord kommune. Den er ledig frå 01.09.2026 eller etter avtale.
Legesenteret er i nye og moderne lokaler i sentrum av Naustdal. Ved legesenteret er det 5 fastlegar og 1 LIS1 lege. Det er 700 - 900 pasientar på listene, men pasienttalet kan justerast.
Ein må rekne med inntil 20 % kommunal stilling. Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, då kommunen har ein 8-2-avtale. Vi kan også tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar.
Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt
For å få stilling må du fylle krava i fastlegeforskriften. Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk.
Gyldig politiattest av ny dato må leggast fram ved tilsetjing.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her