Ekstern annonse

Kommuneoverlegen

Øygarden kommune Kommuneoverlegen - Vestland
Foldnesvegen, 5353 STRAUME
Vikariat Kommuneoverlege Heltid Søknadsfrist: 17. Mai 2026

???? Om stillinga 

Som sjukeheimslege har du ei sentral rolle i det medisinske tilbodet ved sjukeheimar i kommunen. Du vil arbeide tett saman med eit tverrfagleg team beståande av leger, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og leiing.  

Stillinga er eit 100% vikariat med oppstart 01.06.2026 eller etter avtale. 

Vikariatets varighet 01.06.2025-30.09.2026 

????‍⚕️ Arbeidsoppgåver 

  • Medisinsk ansvar for pasientar ved sjukeheimar i kommunen 

  • Undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging 

  • Samhandling med pårørande, spesialisthelsetenesta og interne faggrupper 

  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk 

  • Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid i tenesta 

???? Kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon som lege 

  • Gjennomført LIS1-teneste (turnus) 

  • Interesse for sjukeheimsmedisin, palliasjon, geriatri og/eller allmennmedisin.  

  • Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit krav 

  • Gode kommunikasjonsevner – skriftleg og muntleg 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team 

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd 

???? Vi tilbyr 

  • Eit godt og støttande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå 

  • Tverrfagleg samarbeid i veldrivne institusjonar 

  • Opplæring og moglegheiter for fagleg utvikling 

  • Arbeidstid dagtid vekedagar. Moglegheit for å delta i sjukeheimslegevakt ved interesse.  

  • Konkurransedyktige vilkår, gode lønsvilkår 

???? Arbeidsstad 

Sjukeheimar i Øygarden kommune 

???? Kontaktinformasjon 

For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt: 

Namn: Stein-Inge Stigen 

Stilling: Kommuneoverlege 

Telefon: 55097226 

E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no 


Link til søknadsskjema: Søk her

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.