Ekstern annonse

Førsteamanuensis i medisin (yrkeshygiene)

Universitetet i Bergen - Vestland
Årstadveien 17, 5018 BERGEN
Fast Universitetsstillinger Heltid Søknadsfrist: 20. Apr 2026

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i medisin (yrkeshygiene) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. IGS har ansvar for undervisning innan eit breitt spekter av fagområde på både master-, profesjon- og doktorgradsnivå. Stillinga er knytt til Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT). Forsking i EPISTAT omfattar tema som arbeidslivsrelatert helse, reproduktiv helse, kreft, hjarte- og karsjukdommar, og nevrologiske sjukdommar. Ein stor del av forskinga er basert på helseregister og helseundersøkingar med norske og/eller nordiske data. EPISTAT underviser i samfunnsmedisinske tema som førebyggande medisin, arbeids- og miljømedisin, sosialmedisin og trygdemedisin samt metodefaga epidemiologi og medisinsk statistikk. 

Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Undervisningsgruppe i samfunnsmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, som ph.d.-grad innan yrkeshygiene, yrkesepidemiologi eller tilsvarande doktorgrad.
  • Søkjar må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan forsking på måling av kjemiske faktorar i arbeidsatmosfæren, biologisk monitorering av markørar for eksponering, samt modellering av eksponering for bruk i epidemiologiske studier.
  • Søkjar bør ha kunnskap om og erfaring med eksposom-konseptet, komplekse datasett, og kjennskap til metodar som kan nyttast i analyse av desse.
  • Erfaring frå forsking og drift av helseregister, helseundersøkingar, og biobankar, er ein føremon.
  • Søkjar bør ha erfaring med bruk av statistisk programvare som STATA og R, og evne til å sette seg inn i og bruke desse i undervising og rettleiing.

EPISTAT og IGS har ansvar for undervisning innan eit breitt spekter av fagområde på både master-, profesjon- og doktorgradsnivå. Stillinga er knytt til undervisningsgruppe for samfunnsmedisin. For den aktuelle stillinga er det ønskeleg at søkjar har:

  • praktisk erfaring frå måling og vurdering av kjemisk eksponering i miljø og arbeidsmiljø, helserisikovurdering og risikokommunikasjon.
  • kunnskap om norsk arbeidsliv og næringar (bransjekunnskap) då vurderingar av arbeidsmiljø og eksponering må ta utgangspunkt i faktiske arbeidsprosessar og risikoforhold i ulike verksemder.
  • erfaring frå vurdering av årsaker til arbeidsrelatert sjukdom i ein klinisk setting.

     

  • Instituttet har ein instrumentpark for yrkeshygieniske målingar av kjemiske og fysiske faktorar i arbeidsmiljøet (partiklar, hydrokarbonar, støy, mm) som vert nytta i både undervisning og forskingsprosjekt. Kandidaten vil få ansvar for drift og vedlikehald av instrumentparken. Teori, teknisk forståing og praktiske evner knytt til bruk, vedlikehald og feilsøking av måleinstrument er derfor viktig.
  • Søkjar må ha erfaring med utarbeiding av prosjektsøknader for ekstern finansiering, og helst kunne vise til tilslag på slike. 
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane. Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking. 
  • Søkjar er særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk. Det kan vere aktuelt å gjennomføre deler av undervisinga på engelsk, med vekt på tema som har relevans for globale forhold.

Den som får stillinga må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring.  Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast


Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt. 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format 
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 

 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Gro Tjalvin tlf. 55 58 61 16 /gro.tjalvin@uib.no eller førsteamanuensis Jannicke Igland tlf. 55 58 85 28 / jannicke.igland@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.