Ekstern annonse

Overlege, Spesialist i pediatri, ansvar innan hormon og stoffskiftesjukdommar

Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen HF - Vestland
Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Vikariat Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 17. Mai 2026

Vi har ledig vikariat i 100% stilling som overlege i pediatri og som skal ha særleg ansvar for pediatrisk endokrinologi og metabolisme. Vikariatet varer i 12 mnd frå og med 17.08.26 med moglegheit for forlenging. Legestillinga skal vere tett knytta til diabetesteamet. Vi treng ein engasjert lege som saman med seksjonsoverlegen skal bidra til at den nye Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av internasjonal standard. Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig ved seksjonens poliklinikk og sengepost. Erfarne LIS kan også søke. 

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

BUK har ansvar for alle endokrinologiske og metabolske sjukdommar i barne og ungdomsalderen. På seksjonen arbeider i dag 8 overlegar i ulike stillingsstorleikar derav 3 med professorkompetanse. I samarbeid med UiB driv vi mellom anna forsking på overvekt, vekst, arveleg diabetes og medfødd hyperinsulisme. BUK har eit delt nasjonalt ansvar for utgreiing og behandling av barn med uavklart kjønnsidentitet. Vi driv ein poliklinikk for overvekt i tverrfagleg utviklingsarbeid. Vi har ansvar for over 350 barn og ungdomar med diabetes til 18 års alder. Vi har ei ny nasjonal teneste for hyperinsulinisme. BUK driv saman med UiB eit Mohn Forskingssenter for diabetes presisjonsmedisin som mottar tilvisingar for pasientar med arveleg diabetes frå heile Noreg og driv med klinisk og eksperimentell forsking.

Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.

BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2025 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Les meir om oss:  Barne- og ungdomsklinikken


Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha dag-til-dag ansvar for behandling av inneliggande pasientar og ansvar for oppfølginga av dei
  • Du vil arbeide både på sengepost, dagpost, poliklinikk, poliklinikk for overvekt og ved diabetespoliklinikk
  • Du vil inngå i eit tverrfagleg team med tett samarbeid ved diabetes, inkludert gruppekonsultasjonar
  • Du deltar i forvakt/bakvakt p.t. 12-delt basert på kompetanse
  • Du vil vera delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper

Kvalifikasjonar

  • Vi legg vekt på klinisk erfaring og fungering, særleg innan diabetes, endokrinologi og metabolisme. Det blir spesielt lagt vekt på erfaring med insulinpumper,  teamarbeid og ungdomsmedisin
  • Vaktkompetanse for tilstade bakvakt, må kunne meistre arbeid på nyføddintensiv på vakttid
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Du må meistre norsk/ skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Søkarar med bakgrunn innan forsking vil bli vektlagt
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsferdigheiter og ønske om å vere ein del av eit tverrfagleg team
  • Du har motivasjon for å arbeide i 100% stilling med barn og ungdommar 
  • Du vil treffe barn og ungdommar i vanskelege situasjonar og det er viktig at du har kompetanse/erfaring med mellommenneskelege relasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne arbeidsoppgåver også under skiftande omstende
  • Du har eit godt lag og får fram det beste i dei andre

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø prega av kompetente medarbeidarar som er opptekne av å gjere ein god jobb
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ninnie Helen Bakken Oehme, Overlege, 90540556

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5105730200
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.