Ekstern annonse

Allmennlege, LIS3, (ALIS) eventuelt vikarlege

Fjaler kommune Fjaler legekontor - Vestland
Fjaler helsetunDalsvegen 81, 6963 DALE I SUNNFJORD
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 26. Apr 2026

Vi har to ledige fastlegeheimlar, der kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege ved helsestasjon inngår som ein del av stillinga. Fjaler kommune har tre fastlegeheimlar, LIS1-lege og kommuneoverlegefunksjon i eit interkommunalt samarbeid. Legekontoret held i dag til ved sjukeheimen, men nye lokale er under planlegging i eige bygg.

 

Vi vil gjerne kome i kontakt med deg som:

  • Ønskjer fast stilling, sjølvstendig næringsdrivande eller vikariat i minimum eit år.
  • Spesialist i allmennmedisin, eller på veg mot spesialisering..
  • Lege som er under LIS1-løp, eller som nyleg har fullført, og som ønskjer ein prøveperiode for å finne ut om allmennpraksis kan vere aktuelt vidare.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller ønskjer ein uformell prat om stillingane, arbeidsoppgåvene eller kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kvalifikasjonskrav

  • norsk autorisasjon som lege
  • gode norsk­kunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
  • førarkort klasse B
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest for tiltreding

Arbeidsoppgåver

  • Allmennlegetenester for eigne listepasientar i kontoret si opningstid
  • Deltaking i interkommunal legevakt
  • Kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege ved helsestasjon
  • Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • God på kommunikasjon og rettleiing
  • Fleksibel
  • Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Tilsetjingsforhold og løn etter individuell avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Om Fjaler kommune

Fjaler ligg vakkert til mellom fjord og fjell i Sunnfjord i Vestland fylke, om lag tre timar nord for Bergen. Her får du kombinasjonen av flott natur, engasjerte lokalsamfunn og spennande arbeidsmoglegheiter. Livskvalitet, tryggleik og trivsel står sterkt i kommunen, som er særleg kjent for sitt rike kulturliv og vakre omgjevnader.

Førde sentralsjukehus ligg berre 45 minutt unna. Den interkommunale legevakta er stor og godt organisert, noko som gjev ei overkomeleg vaktbelastning. Det er òg gode jobbmoglegheiter for eventuell partnar i området.

 

Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

.


Link til søknadsskjema: Søk her

Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord- og fjellvakker natur.