Ekstern annonse

Avdeling for Rus og Avhengighet (ARA) søkjer overlege!

TSB poliklinikk Haugalandet, Helse Fonna HF - Rogaland
Asaldalvegen 1, 4250 KOPERVIK
Fast Overlege/spesialist Heltid Søknadsfrist: 07. Apr 2026

Me søkjer overlege - psykiater/spesialist i rus og avhengighetsmedisin som:

- har eit brennande engasjement for faget.
- ynskjer å gje pasientane eit heilskapleg behandlingstilbod.
- vil ha ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene våre i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
- vil bidra til å utdanne fleire spesialistar i Rus- og avhengigheitsmedisin. 

Ved interesse for forsking kan ein få moglegheit til å delta i forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving.
Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor pågåande forsking og det kan drøftast moglegheiter for å søka midlar til PhD innanfor potensielt aktuelle prosjekt.

Avdeling for Rus og Avhengighet/TSB er eit felt det satses på og me legg til rette for gode betingelsar. 

Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga!


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Samarbeid rundt pasientar, internt og eksternt
  • Bidra i fagutviklingsarbeid 
  • Rettleiing og undervisning både internt og eksternt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Spesialist i Rus- og avhengighetsmedisin
  • Spesialist i psykiatri
  • Ønskeleg med erfaring fra arbeid med rus-/og avhengighet
  • Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er engasjert i faget og det beste for pasientane
  • bidreg aktivt i samarbeid og teamarbeid
  • formidlar kunnskap på ein klar og engasjerande måte
  • arbeider strukturert og tar sjølvstendige avgjerder

Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.

Kvifor skal du velje oss?

  • Me legg til rette for kurs og vidareutdanning
  • Moglegheit for deltagelse i prosjekt, kvalitetsutvikling og forskning 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Janne Elise Tangjerd Lyngstad, Avdelingsleiar, janne.elise.tangjerd.lyngstad@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1
4250 KOPERVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5063543291
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2026

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.