Ekstern annonse
ID 2436 Lege ved interkommunal døgnavdeling - Sunnhordland interkommunale legevakt.
Interkommunal døgnavdeling er lokalisert i 2. høgda i Legevaktbygget i nær relasjon til Stord sjukehus. Avdelinga vart opna 20. mars 2017.
Avdelinga har 9 senger. 4 senger er kommunale akutte døgnplassar (etter § 3-5 i helse- og omsorgstenestelova) og 5 senger er disponert av tildelingskontora i den einskilde av samarbeidskommunen for pasientar som treng opphald i påvente av tilbod i heimkommune.
**Det er ledig fast 100 % lege stilling ved interkommunal døgnavdeling (IDA) for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord.**Oppstart etter avtale med leder.
Avdelingsoverlege har arbeidstida si frå 08 00 til 15 30 frå måndag til fredag
Dei faste legane er med i ein 6-delt bakvaktsturnus kvardagar kl 15.30 -- 22 og laurdagar/sundagar/heilagdagar kl 08-22. Det er 3 timars aktiv vakt på helgedagar. Bakvakt på netter er dekka av legevaktslege.
Arbeidet består i:
-
Vera delaktig i kvalitet- og utviklingsarbeid i avdelinga og bidra til fagutvikling.
-
Ha medisinsk ansvar for avdeling ( Medisinsk fagleg rådgjevar skal saman med dagleg leiar og styret, sikre eit godt fagleg og etisk nivå og vidareutvikle tenesta.
-
Samarbeid med fastlegar, heimetenesta og tildelingskontora i kommunane.
-
Ein vil ha pasientretta arbeid, med bl.a. visitt, inn- og utskriving av pasientar, føre epikrise etc.
Kvalifikasjonar:
-
Spesialist i allmennmedisin eller ALIS med interesse for geriatri og sykehjemsmedisin
-
Erfaring frå primærhelsetenesta, indremedisin eller geriatri
-
Fagleg engasjement og interesser for utvikling av avdelinga og godt arbeidsmiljø
-
Evne til sjølvstendig arbeid, funksjon i team og støttande delegasjon av oppgåver
-
God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Vi tilbyr
-
Et faglig sterkt og inkluderende arbeidsmiljø
-
Fleksibel arbeidstid og god balanse mellom arbeid og fritid
-
Mulighet for å påvirke utviklingen av tjenestene
-
Mulighet å kombinere jobb med legevaktsarbeid hvis ønskelig
-
Lønn etter avtale
-
Offentleg tenestepensjon i KLP
Me legg vekt på personlege eigenskapar og vurderingar i intervju med tanke på evne og interesse for utvikling av faglege prosedyrar og rutinar for samarbeid internt i avdelinga og mot samarbeidspartar.
Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP.
For nærare opplysingar om stillinga kontakt dagleg leiar Agata Barbara Kapuscinska tlf. 40 72 92 63, eller mail: agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 35.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.