Ekstern annonse
Avdelingsoverlege
Er du ein trygg og engasjert psykiater som ønsker å leie fagleg utvikling i eit av Noregs mest spesialiserte psykiatriske miljø?
Vi søker ein avdelingsoverlege som kombinerer solid klinisk kompetanse med evna til å vere ein kulturberar i eit krevande og meiningsfullt fagfelt.
Om klinikken og avdelinga
Klinikk Sikkerheitspsykiatri ved Haukeland universitetssjukehus er eit nasjonalt leiande fagmiljø innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Klinikken omfattar:
Lokalt sikkerheitsnivå (10 sengeplassar)
Lokal sikkerheit - rehabilitering (8 sengeplassar)
Sikkerheitspoliklinikken
Klinikken tar imot personar med alvorlege sinnslidingar med høg risiko for alvorleg valdeleg åtferd, ofte med tilleggsutfordringar som alvolrleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk.
Fagleg profil:
Vi ser etter deg som har djup klinisk forankring og er genuint opptatt av å forstå og behandle dei mest komplekse pasientforløpa. Du er komfortabel med å gjere vanskelege faglege vurderingar og stå i dei – òg når presset er høgt.
Dette er ei stilling for deg som trivst med fagleg kompleksitet, verdset tverrfagleg samarbeid og ønsker å gjere ein reell forskjell for ei av dei mest sårbare pasientgruppene i spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Ha det overordna faglege ansvaret for all behandling ved Lokal sikkerheitsnivå, inkludert inntak, pasientflyt og individuelle behandlingsforløp
- Leie og vidareutvikle arbeidet med valdsrisikovurderingar og rehabilitering som faglege kjerneområde
- Vere ein pådrivar for høg fagleg standard og systematisk fagutvikling i samarbeid med leiargruppa
- Gi rettleiing til legar og anna personell, og bidra aktivt i det tverrfaglege arbeidet
- Samarbeide tett med dei øvrige seksjonane i klinikken, andre klinikkar i Divisjon psykisk helsevern, primærhelsetenesta og kommunale tenester
- Inngå i leiarteamet og rapportere til klinikkleiar samt tidvis å vere klinikkleiar sin stedfortreder
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen med spesialitet i psykiatri
- Erfaring frå psykiatriteneste i Noreg og ha god kjennskap til lovverket
- Erfaring frå sikkerheitspsykiatri og/eller akutt psykiatri er ein klar fordel
- Interesse for og gjerne erfaring med rettspsykiatri, valdsrisikovurderingar og rehabilitering
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Trygg og tydeleg – du er stødig i rolla di, både overfor pasientar, pårørande og kollegaer, og kan stå i krevande situasjonar utan å miste overblikket
- Kulturberar – du forstår at godt fagmiljø ikkje berre skjer av seg sjølv. Du investerer i relasjonar, set standard gjennom eiga åtferd og løftar dei rundt deg
- God gjennomføringsevne og evne til å sjå heilskaplege løysingar
- Inkluderande samarbeidsstil – du trivst i team og verdset ulike fagperspektiv
Vi tilbyr
- Ein fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling i eit nasjonalt kompetansemiljø
- Tett samarbeid med høgt kvalifiserte kollegaer på tvers av sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri
- Gode moglegheiter for deltaking på kurs og konferansar, nasjonalt og internasjonalt
- Eit arbeidsplassmiljø der fagleg utvikling og personleg vekst vektlegges
- 100% fast stilling ved Haukeland universitetssjukehus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Sigurjonsdottir, Overlege, 55958539, maria.sigurjonsdottir@helse-bergen.noFrøydis Haugan, Klinikkdirektør, 90825279, froydis.haugan@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5096091426
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.