Ekstern annonse

Lærarar i grunnskulen

Øystre Slidre kommune - Innlandet
Bygdinvegen 1989, 2940 HEGGENES
Fast Andre legestillinger Heltid Søknadsfrist: 06. Apr 2026

Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss. 

Det er ledige stillingar både i barne- og ungdomsskulen. 

 

Barneskulane:

På barneskulane er det ledig 175% fast stilling ved Lidar skule frå skuleåret 26/27. Fordelinga mellom barneskulane kan bli endra, og det kan bli ledig stilling ved Rogne skule, så vi oppfordrar derfor også søkarar som ynskjer å arbeide på Rogne skule, til å søke. Behovet for tilsettingar kan bli større.

Lidar skule har 97 elevar komande skuleår. Det er sju klassar i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss i to team, 1.-4. trinn og 5.-7. trinn.  Vi har eit eit godt arbeidsmiljø, ein godt etablert delingskultur og eit kollegium som set elevane i sentrum.

Rogne skule vil ha omlag 110 elevar komande skuleår og har over tid arbeidd med satsing på trygt og godt skulemiljø. På 5.-7. trinn har vi ein skuledag i veka med tverrfagleg arbeid der elevane jobbar med praktiske, kreative og estetiske arbeidsmåtar, i små grupper som er inndelt på tvers av klassetrinn. Vi samarbeider tett på trinn og i team i eit stabilt kollegium som tør å tenkje ulikt og som utfyller kvarandre godt. 

 

Øystre Slidre ungdomsskule:

Øystre Slidre ungdomsskule har følgjande ledige stillingar:

  • 100% vikariat som lærar for skuleåret 2026/2027. Delar av eller heile stillinga kan bli gjort om til fast stilling.  
  • 200% vikariat som lærar i perioden 01.08.26-31.12.26. 

 

ØSUS har 100 elevar komande skuleår. Vi jobbar i hovudsak i team. Mykje av samarbeidet i basisfaga foregår i fagseksjonar som vi set av tid til gjennom skuleåret. På ØSUS er vi opptekne av å skape gode relasjonar med både elevane og foreldra. Elevane har gitt dei vaksne på skulen ei klar forventning om at dei vil ha tydelege og synelge vaksne.  Dette er eit godt mål å arbeide mot for oss på skulen.  Vi ønskjer å legge tilrette for at skulekvardagen blir så god som mogleg for ungdomane våre, med tydelege rammer og forventningar, både fagleg og sosialt. Hjå oss vil du møte engasjerte og motiverte vaksne som set pris på godt kollegialt samarbeid og fellesskap. Men den viktigaste oppgåva vår er å skapa gode samfunnsborgarar av ungdommane våre, som er rusta for å handtere livets medgang og motgang. 

 

På alle skulane kan det bli andre ledige stillingar.

Vi bed om at du spesifiserer i søknaden kva for skule(r) du ynskjer å arbeide på.

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlærarfunksjon
  • Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning for å bli tilsett i lærarstilling i grunnskulen, jmf. Forskrift til opplæringslova, §12-1-6
  • Lærarar med trygg og god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus
  • God relasjonskompetanse
  • Gode faglege og didaktiske ferdigheiter
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Lærarstudentar kan bli vurdert for tilsetting på vilkår om at utdanninga blir fullført. 

Personlege eigenskapar

For elevane i Øystre Slidre er det viktig at du:

  • er ein trygg klasseleiar 
  • er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
  • ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
  • har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen

Vi tilbyr

Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. Gjennom Læringsmiljøprosjektet har skulane og barnehagane i kommunen eit felles fokus på å skape gode oppvekstmiljø og gode vilkår for læring og trivsel ved skulane våre.

På skulene hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Leiinga på skulane våre er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.

  • Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing. 
  • Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.
  • Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
  • Lærarar har telefongodtgjering og einskilde trinn og fag har og lokal avtale om arbeidstøy. 
  • Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.

Kontaktinformasjon

Siv Theodorsen, Rektor ØSUS, 417 61 631
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 996 90 813
Are Alund, Rektor Rogne skule, 997 34 175

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5091288247
Stillingsprosent: 100, 90%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.