Ekstern annonse

Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF - Møre og Romsdal
Strandgata 1, 6415 MOLDE
Vikariat Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 31. Mar 2026

Ønskjer du nye utfordringar i 2026?

Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss!

Vi har no ledige vikariat ved begge seksjonene våre i Avdeling TSB Molde. Vikariatet tilknytta poliklinikken vil vere av lengre varigheit. Vi søkjer etter legar med interesse og engasjement for rusfeltet, og som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). 

Avdeling TSB gjev tverrfagleg spesialisert behandling til vaksne med rus- og avhengigheitslidingar. Individuelt tilpassa behandling vert gjeve i form av poliklinisk oppfølging, avrusing (akutt og elektiv) samt differensiert døgnbehandling. Avdelinga består av poliklinikk, avrusning og korttidsdøgn i Ålesund, og poliklinikk og langtidsdøgn i Molde. I tillegg tilbyr TSB eigen poliklinisk oppfølging til pårørande, behandling av spelavhengigheit og behandling av anabole steroider. For å sikre heilskaplege og koordinerte tenestar samarbeidar TSB med ulike eksterne instanser.

Stillingane inneber eit tett samarbeid med dei andre seksjonane og legene i avd. TSB. For begge stillingane gjeld inga vaktordning og tiltreding etter nærare avtale.

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat om du ønskjer meir informasjon. Du er velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Mottak, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med rus- og avhengighetslidingar og komorbiditet, inkl. LAR
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid og drøftingar
  • Undervisning og veiledning internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan også søkje midlertidig stilling
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Du har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og løysingsorientert

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr


  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde her

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, Ann.Kristin.Lillebostad.Hovden@helse-mr.no

Arbeidsstad

Strandgata 1
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5078479992
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.03.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal